Hopp til hovudinnhald

Kulturarven og samfunnet

Kan Valdresmusea ta ei utvida rolle for kulturarven i Valdres?

Kva handlar prosjektet om

Samhandlinga i Valdres er god, men ein har slite med å finne langsiktige modellar for samhandling på kulturarvsområdet. I eit komplekst landskap av eigarar, organisasjonar og aktørar innafor reiseliv, næringsliv og eit offentleg utviklingsapparat, er det potensiale for å få til betre samhandling og meir heilskapeleg formidling og verdiskaping. Det overordna målet med Kulturarven og samfunnet er å foreslå nye modellar for samhandling på kulturarvsområdet i Valdres. Kan Valdresmusea ta ei utvida rolle?

Målet er å kartleggje potensialet for formidling og lokalt engasjement i kulturminna i Valdres.

Prosjektet er tett knytt til Kunnskapsløft for mellomalderkyrkjene, støtta av Kyrkjebevaringsfondet, der vi undersøker korleis dei åtte mellomalderkyrkjene kan vere arenaer for refleksjon, læring, fellesskap og identitetsbygging – med god besøksforvaltning som ein naturleg del av arbeidet.

Prosjektet Kulturarven og samfunnet er støtta av Kulturdirektoratet.

Kva skal gjerast

Arbeidet omfattar intervju og kartlegging av struktur og arbeidsdeling, analyse og behov.

Vi vil særleg sjå på mellomalderkyrkjene, dei gamle ferdselsvegane og stølskulturen, men også andre sider av kulturhistoria.

Vi vil undersøkje korleis vi kan byggje lokal kompetanse, støtte kvarandre og få til meir saman, og kva retning det vidare arbeidet bør ta.