Hopp til hovudinnhald

Kronikkskriving

Prate - meine - skrive

  • elever i dialog
    Elevar på kurs i kronikkskriving Morten Haugseggen

Ungdom i Valdres tek blyanten fatt og leverer bidrag til årets store kronikk-konkurranse. Avisa Valdres, Valdres Vidaregåande skule, Nord-Aurdal Mållag og Valdresmusea samarbeider for å sleppe dei unge stemmene til. Den største jobben er det likevel ungdommane som gjer, ved å dele tankane sine og stå opp for det dei trur på!

Innlevering til kronikk-konkurransen har frist for innlevering 1. mai. Flotte premiar!

Ung i Dialogen er eit demokratiprosjekt drive av Valdresmusea. Vi får støtte av Sparebankstiftelsen til å motivere unge i Valdres til å bruke stemma si. Denne våren har vi vore på Valdres vidaregåande og gjennomført folkedialog om ytringsfridom, vi har hatt kreativt skrivekurs og vi har oppretta samarbeid med alle ungdomsråd i Valdres.

Skriveverkstad

  • 1/8
    Morten Haugseggen
  • 2/8
    Morten Haugseggen
  • Elever i leik
    3/8
    Improteater Morten Haugseggen
  • 4/8
    Morten Haugseggen
  • Avisredaktør Hilde Lysengen Havro
    5/8
    Avisredaktør Hilde Lysengen Havro fortel om avisa og det å ytre seg offentleg Morten Haugseggen
  • Prosjektleiar Alice Gudheim held skrivekurs
    6/8
    Prosjektleiar Alice Gudheim held skrivekurs Morten Haugseggen
  • Improteater
    7/8
    Improteater Morten Haugseggen
  • elever i dialog
    8/8
    Elevar på kurs i kronikkskriving Morten Haugseggen