Dei to kvinnelege fotografane i Bagn

Historieforteljinga i Valdres har ofte vore ganske mannstung. Men i primærkjelder som folketeljingar og gamle foto trer kvinnene tydelegare fram. I Bagn var to av dei mest kjente fotografane først på 1900-talet kusiner.

Kristine Thorsrud

Kristine Thorsrud (1877-1952) var fødd på garden Søre Torsrud. Like før år 1900 utdanna ho seg til fotograf hjå J.L. Nerlien i Kristiania. Kristine sykla kring heile Valdres og spesielt i Sør-Aurdal og fotograferte. Nordover i dalføret tok ho nok mest portrettfoto, og det hende ho annonserte i avisa Valdres at ho tok på seg oppdrag. Til dømes var ho både ei og to veker med fotostudio hos ulike landhandlarar i Øystre Slidre, Etnedal, Ulnes, Fagernes, Strand og Skrautvål frå 1903 til 1910. I 1909 gifta ho seg og fekk etter kvart barn med Ole Jordet frå Øystre Bagn. Etter dette tok ho få bilete på oppdrag. Ole og Kristine flytte etter kvart frå Thorsrud til Sørre Jordet, for å ta over garden der han var i frå. På bygdesamlinga finst mange bilete og glasplater etter Kristine av både folk og landskap, og i dei fleste heimar i distriktet finst nok òg portrettfoto som Kristine stod bak.

Olga Olsen

Olga Olsen (1886-1967) vart fødd på Søre Vøll i Vestre Bagn. Der hadde faren Kristoffer Olsen Prestbrøtin skreddarforretning. Som kusina Kristine utdanna ho seg til fotograf hos Nerlien i Kristiania. I 1905 annonserte ho i avisa Valdres at ho rigga seg til med fotostudio nokre veker i Hedalen og Begnadalen. I folketeljinga av 1910 finn vi ho som «ugift fotograf» saman med familien på Øvrevøll i Bagn. Kring 1913 flytta Olga og foreldra til Vestfold, då ei av systrene vart gift der. Olga dreiv fotoforretning på Teie på Nøtterøy, men budde nok i periodar òg i Valdres. Ho skal iallfall ha hatt arbeid hjå fotograf Neste på Fagernes. Olga døydde i Vestfold i 1967. Etter Olga finst mange landskaps- og portrettfoto frå Sør-Aurdal.

Publisert 15. juni 2020

  • Moderne skiutstyr for unge kvinner: Her har Kristine til høgre take bilete av seg sjølv, systrene og to av kusinene. Biletet er take fyrst på 1900-talet. I Sør-Aurdal finst det mange fotografiske spor etter både Kristine og kusina Olga. Fotograf: Kristine Thorsrud. BV 89-386.
    1/3
    Moderne skiutstyr for unge kvinner: Her har Kristine til høgre take bilete av seg sjølv, systrene og to av kusinene. Biletet er take fyrst på 1900-talet. I Sør-Aurdal finst det mange fotografiske spor etter både Kristine og kusina Olga. Fotograf: Kristine Thorsrud. BV 89-386.
  • Familien på Thorsrud i Bagn kring år 1900. Her sit Ole og Ingrid, bak står borna Erik, Kristine, Berthine og Anna. Fotograf: Olga Olsen. BV 87-231B.
    2/3
    Familien på Thorsrud i Bagn kring år 1900. Her sit Ole og Ingrid, bak står borna Erik, Kristine, Berthine og Anna. Fotograf: Olga Olsen. BV 87-231B.
  • Olga Olsen. Ukjent fotograf. BV 87-109.
    3/3
    Olga Olsen. Ukjent fotograf. BV 87-109.