Hopp til hovudinnhald

Krigshistorisk vandring til stillingane ovanfor Bagn Bygdesamling

Omvising

Bagn Bygdesamling
Valdresvegen
28. juni 2026
02. aug. 2026

Valdresmusea inviterer til krigshistorisk vandring til dei norske stillingane i berget ovanfor Bagn Bygdesamling. Her heldt soldatar frå Vestlandsbrigaden stand i fire døgn, frå 23.-26. april 1940. Det er 120 høgdemeter å gå, så du må vere i fysisk form til å gå i bratta.

Til tross for at tyskarane hadde stridsvogner og støtte av bombefly heldt Fenrik Leiv Erdal og soldatane hans ut heilt til tyske styrker braut gjennom ved Høljerast i Etnedal. Dei norske styrkene måtte då evakuere for å ikkje bli råka i ryggen av tyske styrker som då var på tur ned i Bagn.

Oppe i berget er det to ulike fjellhyller soldatane etablerte stillingar, i tillegg til ein kvilestad bak på sida av berget. Rett ved denne kvilestaden er det også ein bergsprekk der vestlendingane søkte dekning då dei tyske stuka-bombeflyene angreip stillingane i berget.

Eivind Olmhus er turleiar. Ta kontakt med han om du har spørsmål om vandringa. 

Pris: kr 140 (kr 70 for dei under 26 år)

Sundag 28. juni kl.11

Sundag 2. august kl.11