-
Susanne Adensfield, Avisa Valdres
Velkomen til avslutningsseminar for samfunnsrolleaktørprosjektet «Eit skigardsdele». I fire år har Musea i Innlandet sett hyttebygging og utmarksforvalting under lupa. På fjellet og i utmarka er kampen om ressursane stor – og motsettingane mange. Med «Eit skigardsdele» har musea opna nye rom og løfta krevjande tematikkar.
På seminaret spør vi – Kva no for kritikk og samfunnsrolle på museum? Har musea lukkast som aktør og arena for vanskelege tema? Fryktar musea dei kritiske perspektiva, eller trivst dei best med kosen? Målgruppe for seminaret er alle med interesse for museum, samfunn, kritikk og relevans.
STAD: Valdres Folkemuseum på Fagernes
TID: Tysdag 11. november kl. 19-22 og onsdag 12. november kl. 9-16
MÅLGRUPPE: Tilsette på museum
PRIS: Kr. 1000 (inkl. fingermat tysdag og lønsj onsdag)
PÅMELDINGSFRIST: Måndag 3. november
ARRANGØR: Musea i Innlandet og Samtidsnett
OVERNATTING: Scandic Valdres, tlf. 61 35 80 00 // Fagernes Camping, tlf. 61 36 05 10
Velkomen!
Program
Tysdag 11. november:
19.00–22.00 Øl, mat og mingling på Fjordkafeen, Valdres Folkemuseum
19.00 Kos eller kritikk? Musea i samfunnsdebatten
Samtale med:
- Christin Kristoffersen, avdelingsdirektør ved Museene i Akershus
- Knut Aastad Bråten, direktør ved Gudbrandsdalsmusea
- Ingrid Røynesdal, direktør ved Nasjonalmuseet
- Sanna Sarromaa, forfattar og skribent
Gir samtalen med museumsfolka meining? Respons frå dei unge:
- Rudolf Sisu Sarromaa, handverkar
- Anniken Øvrebø, student
Onsdag 12. november:
09.00–09.45 Registrering
09.45–10.00 Velkomen og musikalsk innslag
10.00–10.30 Brudd og bråk – kritisk refleksjon i 30 år!
Dei samfunnskritiske perspektiva har fått stadig større plass på musea i Noreg. Slik har det ikkje alltid vore. Mange gjer mykje på dette området, men med dei nye perspektiva melder det seg også uro og bekymring – i musea og befolkninga. Er det dette verkeleg noko musea skal halde på med, er gjerne omkvedet frå kritikarane.
Avdelingsdirektør ved Østfoldmuseet, Åshild Andrea Brekke, gir oss ein historisk sveip over kåra for kritikk på museum, frå BRUDD-prosjekta fyrst på 2000-talet til dagens samfunnsrolleaktørprogram. Kva var grunnen til dreiinga i bestillinga til musea den gongen? Har musea følgd opp?
10.30–11.00 Krafta i kulturarven
Samlingar på museum er sovande kjemper som alltid held noko tilbake, men som mobiliserer når noko vesentleg i samfunnet står på spel. Korleis kan kulturarven og musea bli krafta til å endre verda – i eit tid der farlege ekkokammer, utanforskap og tronge samværsformer synest å vere dei dominerande rammene i liva til barn og unge? Innlegg ved Knut Rio, professor i antropologi ved Universitetsmuseet i Bergen.
11.00–11.30 Kva skal ein tru?
I autoritære regime strammar styresmaktene taumane for kva einskildmenneske og museum kan meine, arbeide med, engasjere seg i. Også i vårt eige land finst stemmer som ynskjer å redusere fridomen til menneska, og det finst institusjonsliv som let at augo for dei som står på utsida. I 50 år har kulturlivet snakka om verdien av eit meir mangfaldig samfunn. Like lenge har kulturlivet møtt motstand – også i eigne rekker. Kvifor går arbeidet for eit meir inkluderande samfunn så treigt? Korleis kan vi samarbeide på tvers av sektorane for eit betre samfunn? Samtale med Åshild Andrea Brekke. Ole Aastad Bråten leiar praten.
11.30–12.30 Lønsj
12.30–13.00 Kampen for den sårbare naturen
I perioden 2022–2025 har musea i Innlandet sett hyttebygging og utmarksforvalting under lupa. Prosjektet «Eit skigardsdele» har opna nye rom og løfta krevjande tematikkar – og har mana til ein meir skånsam forvalting naturen. Engasjement i musea til trass, i prosjektperioden har naturtapet halde fram med 20 000 nye hytter og planar om ytterlegare 20 000. Engasjerer musea seg for lite for naturen og kulturlandskapet? Er det på tide å ta i bruk andre, sterkare verkemiddel? Innlegg ved Andreas Ytterstad, professor i journalistikk og mediefag ved OsloMet.
13.00–13.30 Den brysame samtida – framtida for Samtidsnett
Samtida romar mange fallgruver. Det erfarer museumsfolk på leit etter historier og livserfaringar frå eiga tid. Særleg krevjande er det å grave i forhold som romar konflikt og motsetningar. Då er det best å halde seg i fortida, i krigane og konfliktane som skjedde for lenge sidan.
Myndigheitene manar til engasjement for samtida, for arbeid med aktualitet og relevans til meg og deg. Men eit engasjement for samtida synest krevjande. Det erfarer Samtidsnett, som dei siste åra har opplevd svak interesse for arbeidet med samtidsdokumentasjon. Innlegg ved Kirsten Linde ved Museene i Akershus, og Helge Sognli Svein Gynnild ved Stiftelsen Lillehammer museum.
13.30–14.00 Pause
14.00–14.45 Ein prat med Velure og Sægrov
Nokon har forma museumspolitikken meir enn andre. To av dei fremste er Magne Velure og Stein Sægrov. I årevis har dei grubla og fundert, og formulert tankar og visjonar om framtidas museum. På konferansen møter vi dei to høvdingane til samtale om musea i samfunnet. Samtalen blir leia av Heidi Anett Øvergård Beistad.
14.45–15.15 Kva no, Kulturdirektoratet?
Kulturdirektoratet speler ei viktig rolle i utviklinga av musea. I 30 år har direktoratet oppmoda til djervt arbeid med konflikt og kritikk. I dag svingar pendelen mot samhandling og taktikk. Kva er framtida for samfunnsrolleprogramma i musea? Samtale med Inga-Lill Sundset, direktør i Kulturdirektoratet.
15.15–15.45 Oppsummering
15.45–16.00 Avslutning, musikalsk innslag, vel hjem
Spørsmål?
Ole Aastad Bråten, ole.aastad.braten@valdres.museum.no