Da dei fyste utanlandske reisande samt norsk turfølgje «oppdaga» fjell, fjordar og fossefall her til lands, gjekk dei på stiar som hadde vore godt opptrakka. Disse stiane var skapt av klovar og hovar, og av folket som stelte buskapen. I dette foredraget vil vi høyre om korleis stølsdrifta - og seinare jakta - var føresetnad for båe framvekst av turismen og utbygging av hyttefelt i utmarka vår.
Velkomen til foredrag om korleis kua bana veg for turkulturen. Foredragshaldar er Karen V. Lykke, professor ved Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo.
Etter foredraget vil det vere mogleg å stille spørsmål og dele egne refleksjonar. Arrangementet er del av museumsprogrammet Eit skigardsdele - frå stølskultur til hytteindustri.
TID: Torsdag 13. februar 2025 kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26) GRATIS for arealplanleggarar
ARR: Valdresmusea
Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag, kaffi eller kake.
Foto: Juliana Bonin
Karen V. Lykke
Karen V. Lykke er professor i kulturhistorie ved Senter for utvikling og miljø, Universitetet i Oslo. Lykke er agronom, etnolog og kulturhistoriker. Hennar forsking er i skjæringspunktet mellom naturbruk og matproduksjon. Ho har forska mykje på landbrukshistorie, og korleis beitedyras rørsle i kulturlandskapet har vore og framleis er grunnleggjande for den norske turkulturen. Lykke har mellom anna skrevet artiklane «Hefting the land: a locative heritage of hooves and feet» og «Kulturarv i lendet - Beitedyras hug, dug og hevd» om dette temaet.