Hopp til hovedinnhold

Grieg og Schubert

Velkomen til konsert med Christian Grøvlen sundag 7. april på Valdres Folkemuseum. Vi får høyre musikk av Grieg (Ballade i g-moll, op. 24) og Schubert (Sonate i G-dur, op. 78).

  • 1/1

Christian Grøvlen er ein landets fremste unge pianistar. På konserten på Valdres Folkemuseum får vi høyre musikk av to komponistar som stod songen nær, Edvard Grieg og Franz Schubert. Grieg skreiv Ballade i g-moll like etter at foreldra døydde. Verket har eit sterkt musikalsk uttrykk og er skrive som variasjonar over den gamle folkevisa "Den norske bondestand". Schubert levde eit kort liv og mot slutten skreiv han nokre av sine mest rørande komposisjonar. G-dur-sonata er eit av dei største verka han skreiv, eit fredeleg og håpefullt verk fylt av solskinn og naturskjønnheit.

Velkomen til Valdres Folkemuseum sundag 7. april kl 18.00. Billettpris kr. 250/150. Sal av kaffi og kake

Museum24:Portal - 2024.03.08
Grunnstilsett-versjon: 1