Hopp til hovudinnhald

Kongevegen og vedlikehaldet

NB! Arrangementet har funne stad

Foredrag

Frydenlund i Aurdal
Søreisvegen
16. april 2026
19.00
  • Gammel kjerrevei i kulturlandskapet
    Kongevegen gjennom Aurdalsbyen, med Søreisgardar i bakgrunnen Anne Marit Noraker

I april arrangerer Valdresmusea murarkurs for å vedlikehalde natursteinsmuren langs kongevegen gjennom Aurdalsbyen.

Torsdagskvelden inviterer vi til foredrag; først ved murarinstruktørane Knut Andreassen og Hans Magne Lunde, deretter med Katharina Sparstad som har jobba mykje med kulturminne i Valdres, og kjenner kongevegen godt. Til slutt blir det foredrag ved Cathrine Thorstensen, som er arkeolog ved Norsk Vegmuseum og har jobba mykje med gamle ferdselsårer i Noreg. Ho vil gjennom dette foredraget dela ein del av sine erfaringar ved istandsetjing av nokre av desse.                 

Foredraga er ope for alle.

TID: Torsdag 16. april 2026 kl. 19.00
STAD: Frydenlund skysstasjon i Aurdal
PRIS: Kr 140 (kr 60 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea og Frydenlund
Vi serverer kaffi og biteti.

Velkomen!