Jump to maincontent

Klimapåverknad i og på bygg

Heildagsseminar på Valdres Folkemuseum

Tidene er i endring – og vi med dei. Slik har det alltid vore, men forventningane til komfort, både heime og på hytta, er større enn nokon gong. Men også klimaet endrar. Våte vintrar gir gode vekstvilkår for mugg og sopp. Dette er forhold som bryt ned husa i raskt tempo. Med skyhøge straumprisar og høge levekostnadar er det mange forhold som påverkar måten vi i framtida skal bygge og bu. Straumstøtte og byggeforskrifter åleine løyser ikkje utfordringane. Vi må bygge ny kompetanse som løyser problema på nye måtar. Kva grep kan gjerast for å møte desse utfordringane slik at den eldre bygningsmassen på museum og i privat eige kan brukast også i framtida? Korleis kan vi skapa endring i måten vi bygger på, og utan at vi øydelegg for mykje av naturen? 

TID: Måndag 20. mars 2023 kl. 10.00-17.00
STAD: Valdres Folkemuseum, Slidrehuset
PRIS: Kr 900 (inkl. kaffi og suppe)
ARR: Valdresmusea
PÅMELDINGSFRIST: 15. mars
PROGRAM: Sjå nedst på sida

For påmelding

Spørsmål? Ta kontakt med:

Program

09.55 Opning v/Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar for Valdres         

10.00 Riksantikvarens klimastrategi – mål og satsingar v/Karen Elkjær, rådgjevar, seksjon for rådgjeving og tilskott hjå Riksantikvaren. Ho vil snakke om korleis vi skal oppnå god energieffektivisering og elles handtere uønskte konsekvensar ved klimaendringane? Kva er Riksantikvarens rolle i dette arbeidet?

10.30 Energirådgjeving til meinigmann v/Erlend Eggen, dagleg leiar, Klimakultur SA. Han tek opp kvifor han meiner vi treng ei uavhengig energirådgjevingsteneste i Valdres? Korleis kan ein samarbeide for å få til eit breitt kunnskapsløft om ENØK og straumsparing i regionen? 

11.15 Kaffipause

11.30 Jakta på kilowatten startar hjå deg sjølv! v/Olle Christer Stenby, Fagsjef bygningsvern i Byggenæringens Landsforbund. Hans tema er korleis vi best kan energieffektivisera gamle hus? Korleis finne god informasjon om konkrete løysingar? Og kvar kan vi setja inn tiltaka der det verkeleg monnar? 

12.30 "Bevar bygg – bevar klima", og andre fylkeskommunale satsingar v/Torill Nygård, einheitsleiar bygg og landskap, Kulturarv i Innlandet fylkeskommune. Kvifor er rett materialkvalitet viktig når klimaet endrar seg? Korleis kan energieffektivisering påverke klimaet i rett retning? Transformasjon er ein forlenging av omattbruk, når når vi tålegrensa for transformasjon?  

13.00 Lønsj

14.15 Sirkulærøkonomi i bygningsvernet v/Ola Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen. Han innleiar om kva for reglar hindrar ombruk og sirkulær økonomi i bygningsvernet? Korleis skal bygningsvernet ta plass i diskusjonen om sirkulær økonomi? 

14.45 Frå ledige lokale til Kulturkvartal – Berekraftig sentrumsutvikling i Fagernes v/Margrethe Bjone Engelien, Arkitekt MNAL. Kvifor er det meir berekraftig å ta utgangspunkt i eksisterande bygg enn å bygge nytt? Korleis diskutere verdien av gamle bygg i samanheng med eigedomsutvikling? Kva rolle spelar kommunen som planmyndigheit? Korleis involvere framtidige brukarar og gi prosjektet forankring? Korleis finne ny bruk til gamle bygg/ledige lokale? 

15.30 Kaffepause

15.45 Utfordringar ved at hus vert flytta til nye klimatiske forhold, historisk og i dag v/Kjell Marius Mathisen, avdelingsleiar kulturhistorisk avdeling ved Lillehammer museum. Kva påverknad og auka belastning klimaendringane har på museale bygg? Kva utfordringar står friluftsmusea framføre ved at vi får meir regn og raske endringar i temperauturen? 

16.15 Å bygga hus og bruka hus vil alltid påverka klimaet v/Ingebjørg Øveraasen, kulturminnerådgjever og dagleg leiar av Bygningsvernhuset. Korleis kan vi bygga husa våre med minst mogleg klimapåverknad? Korleis minimalisera klimaavtrykket ved bruken av bygningsmassane? 

16.45 Oppsummering og avslutting