Hopp til hovudinnhald

Klima & bygningsvern

Seminar for museumstilsette i heile Innlandet

  • Header til seminar. Tittelen lagt på laftet vegg.

Alle snakkar om veret og det er ikkje utan grunn. Framtidsutsiktene gir oss både varmare og våtare vintre og eit slikt ver kan truge bygningsarven vår. Temaet for Museumsforum Innlandet sitt seminar i 2024 er klima og bygningsvern – og dei utfordringane eit våtare klima kan gi for den antikvariske bygningsmassen på musea. Handverkarane våre har gjerne stor kunnskap om eigne samlingar, og arbeidet dei har utført har lenge sikra levetida på husa. Men i møte med eit våtare klima blir sjølv handverkarane utfordra.

Korleis kan musea i Innlandet bli arena for forsking og fornya kompetanse på dette området? Er tida inne for ein nasjonal pilot om klima og bygningsvern?

STAD: Valdres Folkemuseum
TID: 25. januar 2024
ARR: Museumsforum Innlandet

Påmeldingsfrist: 15. januar

Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1