Hopp til hovudinnhald

Kampane i Valdres våren 1940

Dokumentarvisning

Dokumentarvisning

Bagn (to ulike stader) Valdresmusea
19. april 2026
19.00 – 21.00
21. april 2026
19.00 – 21.00
Andreas Hauge

Valdresmusea har digitalisert Leiv Erdals dokumentar Kampane i Valdres våren 1940.Dette er ein dokumentar få truleg har sett, då den vart laga på eiget iniativ av Leiv Erdal til privat bruk. Han var troppesjef for 4. brigade og kjempa i aprildagane 1940.

Dokumentaren er spelt inn i 1991, 1992 og 1993. I dokumentaren fortel Erdal om sine opplevingar frå vestlandsstyrkene vart sendt over til Valdres for å stoppe dei tyske styrkane. Han fortel om kampane i både Etnedal, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal og Etnedal. Han intervjuar også bygdafolk ved Islandsmoen i Sør-Aurdal og Hovda og Riste Skule i Vestre-Slidre. Dokumentaren blir vist i samråd med Leiv Erdal sin familie.

OBS: Tidens tann har spelt inn på bildekvaliteten som har vorte noko blass her og der. Lyden er heldigvis veldig god, slik at det er enkelt å høyre alt som blir sagt!

Det blir sett opp to visningar av den same filmen, grunna kolliderande arrangement:

Visning 1:
TID: Sundag 19. april 2026, kl.19.00
STAD: Sør-Aurdalshallen, Fossvangbakkin 15, 2930 Bagn

Visning 2:
TID: Tysdag 21. april 2026, kl.19.00
STAD: Sør-Aurdal Folkebibliotek, Dalagata 29, 2930 Bagn

ARR: Valdresmusea, Sør-Aurdal Folkebibliotek og Sør-Aurdal kommune