Jubileumsmarkering for Norsk Langeleikforum

Langeleikfolket fekk si eiga foreining for ti år sidan. Det markerer vi med jubileumsseminar på Valdres Folkemuseum på Fagernes helga 19.-20. oktober.

Gjennom helga får du jubileumsforedrag med Gøril Ramo Håve og Tom Willy Rustad og langeleikkurs med Magnhild Karsrud og systrene Kari og Marit Steinsrud. Etter festmiddagen laurdag blir det konsert med Sudan Dudan.

Seminaret kostar 800 kroner for medlemmer i Norsk Langeleikforum, 1000 kroner for andre. Prisen inkluderer kurs og samspel, lunsj, middag og konsert med Sudan Dudan. Påmelding innan 1. oktober til Brit Totland: brit.totland@gmail.com.