Hopp til hovudinnhald

150-årsjubileum for den legendariske Jotunheim-ekspedisjonen i 1876

Jubileumskveld for klatrehistorie i Valdres og Jotunheimen

Fjellkveld

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
13. okt. 2026
18.00 – 21.00
Portrettbilete av Lykken, Storen i bakgrunnen

150 år sidan ekspedisjonen til Torfinnstind, Galdebergstind, Uranostind, Gjertvasstind og Store Skagastølstind

I 2026 markerer vi 150-årsjubileet for den legendariske fjellturen som engelskmannen William Cecil Slingsby, bergensaren Emanuel Mohn og fjellføraren frå Valdres, Knut Lykken, gjennomførte i 1876. Ferda resulterte i fyrstebestigningar av fleire av dei mest kjende toppane i Jotunheimen: Torfinnstind, Galdebergstind, Uranostind, Gjertvasstind og Store Skagastølstind.

Den fem dagar lange ekspedisjonen med fem fyrstebestigningar vert rekna som ein av dei viktigaste klatrebragdane i perioden som vert omtala som gullalderen i norsk fjellsport. Turen tok til i Valdres, på eit av dei første fjellhotella i Jotunheimen, Raudfjordheim, som låg ved Bygdin nedanfor Bitihorn. Hotellet vart bygt og drive av øystreslidringen Knut Lykken og familien hans.

Knut Lykken var ein kjend fjellførar i pionertida i Jotunheimen. Han hadde mellom anna vore med på fyrstebestigninga av Store Knutsholstind før han i 1876 la ut på den legendariske ferda som enda med Slingsby si dramatiske fyrstebestigning av sjølvaste Storen, Store Skagastølstind.

Program:

  • Storen: fyrstebestigninga og dei første bestigningane sett frå eit klatreperspektiv
    Fridtjof Thokle Madssen, Norsk Tindeklubb, fortel om norsk klatrehistorie, fortald av leiaren for redaksjonskomiteen bak bokverket Klatreførar for Jotunheimen, den mest komplette oversikta over klatrerutene i Jotunheimen.
  • Høifjeldsfotografier fra et rent tindebestigerstandpunkt
    Harald Østgaard Lund, Nasjonalbiblioteket, fortel om korleis Store Skagastølstind vart eit fotografisk motiv på slutten av 1800-talet.  
  • Ekspedisjonen i Jotunheimen i 1876 sett frå eit fjellførarperspektiv
    Knut Lykken fortel om oldefaren og fjellføraren Knut Lykken (1831–1911), fjellføraren frå Beito, og om konsekvensane deltakinga hans i ekspedisjonen i Jotunheimen i 1876 fekk, både for han sjølv og for utviklinga av norsk fjellturisme og klatresport

Velkomen!

TID: Tysdag 13. oktober 2026 kl. 18-21
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140
ARR: Valdresmusea, Norsk Tindeklub og Nasjonalbiblioteket