Hopp til hovudinnhald

Jøden og jorden - utsolgt!

Foredrag

Velkomen til foredrag med Ingeborg Solbrekken. Ho kom nyleg med boka Jøden og jorden der ho dokumenterer korleis den jødiske gardbrukaren Hans Salomon og familie hans har blitt behandla, frå 1939 til i dag. Dette er rystande lesing som viser at antisemittismen i Norge ikkje var over i 1945. 

I Vang trakk foredraget med Ingeborg 280 personar. På frigjeringsdagen 8. mai kjem ho til Valdres Folkemuseum for å halde nytt foredrag med nye vinklingar. Etter foredraget blir det tid til spørsmål og deretter ei minnemarkering leia av Ingeborg Solbrekken.

TID: Måndag 8. mai kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr (gratis for dei med årskort til Valdresmusea)​
ARR: Valdresmusea

Program
18.00 Kransenedlegging til minne for falne 
19.00 - 19.40 Foredrag
19.40 - 20.15 Spørsmål/dialog
Kort pause
20.30 - 21.00 Minnemarkering for 8. mai med musikkinnslag, leia av Ingeborg Solbrekken

Boka er til sals i museumsbutikken. Det same gjeld årskort til Valdresmusea.

NB: Dette foredraget blir kan hende utselt, vi anbefaler å kjøpe billett på førehand her:

Om boka

Ingeborg Solbrekken kom over nokre handskrivne rapportar frå krigen som fortalte om ein jødisk gardbrukar i Vang. Kvifor var han ikkje blitt omtala før? Ved hjelp av nokre få opplysningar i ei bygdebok, fann ho Salomons danske son. Etter dette folda den dramatiske og lidingsfulle historia til gardbrukar Hans Salomon seg ut, gjennom ulike beretningar og arkivfunn. Folk fra bygda hadde malt «Jødesvin» på båten hans og «Jødedjevel» inne i huset hans. Etter krigen tok Vang herredsstyre garden frå han.

Om forfattaren

Ingeborg Solbrekken (f. 1961) er sakprosaforfattar og dramatikar. Dei biografiske verka hennar om Kirsten Flagstad er blitt mykje omtala og er oversett til fleire språk. Ho har også forska på utanomrettslege sider ved oppgjeret etter den andre verdskrigen i Noreg og ga i 2015 ut boka Landssvikoppgjørets hemmelige historie. I 2018 ga ho ut ei bok om den kommunistleia motstandsrørsla i Noreg under krigen, Gestapos mest ettersøkte nordmenn.

  • Bokomslaget til Jøden og jorden. Drevet fra gård og grunn av norske nazister og gode nordmenn.
    1/1
Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2