Hopp til hovudinnhald

Jernbaneeventyret det ikkje vart noko av

Velkommen til foredrag v/forfattar og tidlegare museumskonservator Jahn Børe Jahnsen:

TID: ​Torsdag 20. februar 2020 kl. 19.00 
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr
ARR: Valdresmusea

Munkekroen er open i forkant av arrangementet.

OM BOKA

Jahn Børe Jahnsen kom i desember 2019 ut med boka om alle jernbanene som det aldri vart noko av i Valdres. Det kunne gått tog frå Fagernes til Vang og Lærdal, frå Bergensbana gjennom Valdres til Dovrebana, frå Hallingdal via Torpa til Lillehammer, og frå Hønefoss gjennom Begnadalen til Fagernes. Og om Gjøvik-Lillehammerbanen hadde blitt noko av, kunne du ha køyrt tog frå Fagernes til Lillehammer via Gjøvik. Bare Valdresbanen kom – og vart borte att. Bilen utkonkurrerte alle baner og baneplanar i Valdres. I dette foredraget vil Jahn Børe fortelle og viser kart og teikingar av kvar banene var planlagt og kvar stasjonane skulle ligge.

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1