Hopp til hovudinnhald

Jakta på Snartemosverdet

Foredrag

NB! Arrangementet har funne stad

Foredrag

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
27. nov. 2025
19.00

Torsdag 27. november kjem arkeolog og forfattar Jan Ingar Thon for å halde foredrag om jakten på Snartemosverdet.

Snartemosverdet vart funne i ei germansk høvdinggrav i 1933. Det var dekorert med norrøne gudar og monstrar, og saman med sverdet låg eit vove band dekorert med hakekors. Dette vart lagt merke til utanfor Noregs grenser – ikkje minst i Tyskland.

Kort tid etter den tyske invasjonen i 1940 dukka ein av dei fremste naziarkeologane, SS-offiseren Herbert Jankuhn, opp i Oldsaksamlinga. Han informerte om at norsk arkeologi no stod under SS’ «vern». Det vart snart klart kva dette «vernet» innebar. For då fekk Oldsaksamlinga eit brev. Det kom frå Kyrkje- og undervisningsdepartementet i okkupasjonsregjeringa. Departementet bad Oldsaksamlinga om å utlevere ein gjenstand «for eit bestemt føremål». Nemleg SS-førar Heinrich Himmlers nært føreståande Noregsbesøk. Klenodiet vart imidlertid flytta til eit kvelv under det ordinære bankkvelvet til sparebanken på Fagernes...

TID: Torsdag 27. november 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (under 26 kr 50)
ARR: Valdresmusea

Det er moglegheit for å kjøpe den nye boka.
Kafeen er open i forkant av foredraget. 

Om foredragshaldaren

Jan Ingar Thon (f. 1968) er arkeolog, journalist og forfattar. Han har ein forkjærleik for å grave i ting – enten det gjeld gløymde sivilisasjonar, historiske løyndomar eller moderne kriminalsaker. I 2023 gav han ut boka Ein farleg mann. Om bygdesladder, venskap og drap i Indre Austfold.

  • Boksomslaget med bilete av hakekors og Snartemosverdet
    1/1