Velkomen til foredag ved isklatringspioneren Tomas Carlström. Han fortel om personlege opplevingar og erfaringar rundt isklatringas historie i Noreg. Foredraget vart tidligare heldt under Norsk Tindeklubs generalforsamling 2022. Foto: Eirik Hæreid Marcussen.
TID: Lørdag 25. februar kl. 19.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum.
Foredraget er del av Fagernes isklatrefestival og er ope for alle interesserte.
Om Tomas Carlström
Tomas er fjellsportentusiast, ingeniør og fotograf, og ein pioner innan isklatring i Noreg. Han har arbeida ved Norges Høgfjellsskole og undervist om ferdsel i fjellet for Noregs leiande institusjonar innan idrett- og friluftsliv. Tomas starta firmaet Skandinavisk Høgfjellsutstyr i 1972, som var dei fyrste som importerte og selte isklatrarutstyr i landet. Han har vore involvert i utvikling av utstyr til ferdsel i fjellet i nesten 50 år, mellom anna som utstyrsdesignar for Norrøna. Han bur i Hemsedal. Tomas har sjølv, og med nettverket sitt, bidrege til mange av dei mest spektakulære ‘bestigningane’ av frosne fossefall i Noreg. Les meir her.