Hopp til hovudinnhald

Inspirasjonsdag før valet

September 2025: Før stortingsvalet møtte engasjerte VG1-elever frå Valdres vidaregåande til inspirasjonsdag på Valdres Folkemuseum. Elevane hadde allereie delteke i debattar og undervisning om demokrati og statsmakter, og var godt førebudde.

Besøket var ein del av prosjektet Ung i dialogen, som har som mål å styrke unge si deltaking i demokratiet. Gjennom samtalar, refleksjon og aktivitetar jobba vi med å skape tryggleik og engasjement – både i møte med kvarandre og med museet som arena.

Musea spelar ei viktig rolle som forvaltarar av kunnskap og truverdige kjelder, og gir eit godt utgangspunkt for kritisk tenking og dialog. Å lytte, lære og vise respekt er sentrale verdiar – viktige byggesteinar i eit levande demokrati.

  • Ungdom som leikar
    1/3
    Teatersport: Elevane arbeidde klassevis i tre grupper. Teatersport-øvingar er både moro og lærerikt når omgrep som utanforskap, likskap og respekt skal utøvast som kroppslege øvingar.
  • Omvisar og ungdom i utstilling
    2/3
    Omvising: Omvisinga i utstillingane gjev elevane innblikk i tema som tidlegare ikkje skulle pratast om, anten fordi det var tabu eller berre ikkje vart rekna som viktig. Musea har mange hol i sine samlingar, som ein stadig søkjer å tette.
  • Tre unge som sit og pratar med kvarandre
    3/3
    Dialog: Korleis blir samtala om vi ikkje ser på den vi pratar med? I dialog-øvingane øvde vi oss på den gode samtala. Augekontakt, venleg kroppsspråk, nysgjerrigheit og opne spørsmål skapar trygge rammer og får praten til å gå lett.