Hopp til hovudinnhald

I Oletjedn, i Olekjinn

  • Hegge stavkyrkje

Det var dei ei ung mor som var ute å plukka bær ilag med vesle sonen sin på stølen i Ole. Ho hadde vore uoppmerksam på han eit lite bel, og borte vart han. Ho skreik og leitte etter han lenge men kunne ikkje finne han. Så, trea dagen etter at han var vorten borte kom ho på å sende bod på presten. Presten hadde med seg ei av klokkene frå Heggekyrkja og dei tok til å ringje for å få guten utatt. Då dei hadde ringt i tre dagar, opna berget seg og guten var på tur utatt. Men i sama stund rauk opphenget til klokka og ho datt ned. Ringinga stoppa, berget lét seg att, og guten kom alder utatt. Klokka som vart brukt heng i Hegge stavkyrkje, så i ei av klokkene er det eit skar, som ho fekk etter at ho datt ned.

Mor til den velse guten gjekk soleis å song på nokre liner i all fortviling:
I Ole-tjedn, i Ole-kjinn. Der tapte e burt likaste guten min.
Det døra i dalo, det ringde i kjinn. Men alder, alder fekk e att guten min.
E upp på eit berg, e rofte o skreik, men e såg'n kji mier.
Å guten min, å guten min. Der toko dei hono i berget inn.

Dette segnet dannar bakgrunnen for låtten.

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2