Hopp til hovudinnhald

I Knud Knudsens hjulspor gjennom Valdres

Boklansering med foredrag
Onsdag 23. oktober 2024 kl. 18.30

BOKLANSERING MED 280 GAMLE BILDE FRÅ VALDRES

Landets fyrste landskapsfotograf, Knud Knudsen (1832–1915), var frå Odda, men hadde sin fotografiske base i Bergen. I åra mellom 1871 og 1897 kom han på til saman åtte fotoferder gjennom Valdres.

Det er bevara rundt 540 glasplater etter Knudsen med motiv frå Valdres. Mange av bilda er dublettar – han fotograferte vanlegvis med to kamera for å få forskjellig storleik på negativane og dermed kopiane. Eg har plukka ut rundt 280 av hans bilde frå Valdres og sett dei saman til ei bok på heile 428 sider i liggjande A4-format. Alle hovudmotiva til Knudsen frå Valdres er med, og eg har fotografert motiva om att i vår tid – for å sjå forskjellen.

Frå Nord-Aurdal er det kome med 60 av Knudsens storslegne bilde, og 78 av sidene i boka omhandlar Nord-Aurdal. I tillegg er det med bilde frå fire andre valdreskommunar, ein fyldig biografi om Knudsen, og ikkje minst forklaring av dei tekniske utfordringane som dei tidlege fotografane stod overfor. Dei fotograferte med store «våtplater» som måtte framkallast snøgt. Difor måtte Knudsen ha med seg mobilt mørkerom på dei fyrste turane.

På lanseringskvelden på Fagernes vil dei frammøtte naturleg nok få høve til å kjøpe den nye boka, som kostar 500 kroner i utsal (betaling med Vipps eller kontant). Eg sel også boka YSTING I VALDRES frå 2013 – no til redusert pris på 300 kroner.

Glasplatesamllinga etter Knud Knudsen er på heile 12.800 negativar. Dei er tekne vare på av Universitetsbiblioteket (UBB) i Bergen. Seniorkonsulent Morten Heiselberg ved UBB kjem denne kvelden til museet for å halde foredraget Den reisende fotografen – om Knudsen. HAn skri9v om foredraget: Dei første reisande fotografane var pionerar innanfor feltet sitt. Gjennom hardt arbeid skapte dei ein ny visuell forståinig av det norske landskapet, som tidligare berre kunstmålerane hadde heldt på med. Knud Knudsen fotograferte gjennom heile denne epoken, og gjennom fotografia hans ser vi på nokre av reisene hans og korleis han måtte navigere i ei tid med ulike fotografiske teknikkar, eit veksende turistland og konkurransen frå andre fotografar.

I tillegg kjem Kjell-Even Våraker frå LOS Digital AS med ei helsing frå trykkeriet.

Etterpå held eg eit bildeforedrag, der eg både vil fortelja om Knudsen, turane hans gjennom Valdres og eg vil syne fram ein del av bilda frå Nord-Aurdal.

Lanseringskvelden på Fagernes er eit samarbeid mellom selskapet mitt, Mat & Kultur AS, og Valdres Folkemuseum. Fjordkafeen sel middag på ettermiddagen og kaffi og kaker i samband med boklanseringa.

Gratis inngang.

Velkomen til ei kulturhistorisk reise gjennom Valdres.

TID: Onsdag 23. oktober kl. 18.30
STAD: Festesalen, Valdres Folkemuseum
ARR: Valdresmusea og Mat & Kultur AS

Fjordkafeen er open før foredraget, kjøp gjerne middag.
Sal av kaffi og kake undervegs.
Sal av bøker før og etter foredraga.

Gratis!

  • 1/7
  • 2/7
  • 3/7
  • 4/7
  • 5/7
  • 6/7
  • 7/7
Museum24:Portal - 2024.10.08
Grunnstilsett-versjon: 1