Hytteliv i Valdres

Olav_Norheim.jpg

Velkomen til foredrag om hytteliv i Valdres ved forfattar Olav Norheim. Han kom i 2019 med "Den mellomstore hytteboka".

TID: ​Torsdag 12. mars 2020 kl. 19.00 
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum 

DEN MELLOMSTORE HYTTEBOKA

Kva er det eigentleg vi bør vita for å vera hytteeigar i Valdres? Og kva bør grunneigarane vita før dei set opp endå fleire hytter? Dette skriv Olav Norheim om i Den mellomstore hytteboka. Han har den fordelen at han gjekk under cover i Valdres i barndomen og er hytteeigar i dag. Slik kjenner han Valdres både innanfrå og utanfrå.

Munkekroen

Museumskafeen er open før foredraget. Kjøp gjerne middag, kaffi og kake der.