Hytta - fire veggar rundt ein draum

Utstilling på Slidrehuset, Valdres Folkemuseum

  •  (Foto/Photo)

Noreg er eit hytteland, der nesten annankvar innbyggjar har tilgang til minst ei hytte. Dei fleste hytter blir brukt av slekt og familie, men kva skjer når eigarane døyr? Skal hytta seljast, skal ho eigast i fellesskap, eller skal eitt av borna arve ho. Utstillinga handler om korleis hytter skaper slekt og familie, om gjeremål som minner oss om kven vi var, og dei rare små tinga som gir slektningar og forfedrar «evig liv». 

KVAR: Slidrehuset på Valdres Folkemuseum

NÅR: Juli - oktober 2022

OM UTSTILLINGA: Sosialantropologane Marianne Elisabeth Lien frå Universitetet i Oslo og Simone Abram frå Universitetet i Durham har leia forskingsprosjektet «Materialiseringer av slektskap; livssykluser på norske hytter» der dei og fleire har undersøkt hytter, slektskap og familie her i landet. I 2019 vart arbeidet til både utstilling og boka «Hytta. Fire vegger rundt en drøm». Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, og er skapt i samarbeid mellom Sosialantropologisk Institutt ved Universitetet i Oslo og Norsk Folkemuseum.