Hopp til hovudinnhald

Høre stavkyrkje

Rett over fjellet frå Borgund ligg Høre stavkyrkje. Kyrkja ligg høgt og fritt med utsyn over dalen og fjella. Like ved kyrkja ligg dei gamle Kvie-gardane, og følgje Snorre budde vakre Gyda her. Gyda var kvinna som fekk Harald Hårfagre til å samle landet til eitt rike.

Høre stavkyrkje ligg i Vang kommune, som er nabokommunen til Lærdal i vest. Mellom Lærdal og Vang ligg det mektige Filefjell, og dette er eit viktig område for uttak og utvinning av jern. Smedalen, som er eit vatn i dette området, har namn som fortel kor viktig jernindustrien var her oppe.

På Kyrkjestølen på Filefjell låg den gamle Sankt Tomas-kyrkja, eit mål for pilegrimar. Filefjell var slik møteplass og vandringsveg for svært mange; for dei som tok ut jern, for handelsfolk, stølsbrukarar, pilegrimar, embetsfolk og mange andre. 

Kvifor er dette relevant? Fordi det er stor slektskap mellom beslaga i Borgund og Høre. Begge har dei drakehovud. I tillegg har dei eit anna fellestrekk med gjennombrotne rammer – og under desse – vakre messingplater. På Borgunddøra er dette vanskeleg å sjå, men i Høre skin plata vakkert som gull.

Døra i Høre har vakkert smijernsarbeid. Også her fekk vi tak på ein bit frå ein del som allereie var brote. Og etter at arbeidet er utført, er det ingen synlege spor etter oss.

Alle foto: Torill Thømt

  • Smijernsbeslag på Høre stavkyrkje
    1/3
    Smijernsbeslag på Høre stavkyrkje
  • Høre stavkyrkje
    2/3
    Høre stavkyrkje
  • Høre stavkyrkje
    3/3
    Høre stavkyrkje
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1