Museum i snart 120 år

Valdres Folkemuseum vart stifta i 1901. Det var den utflytte valdrisen Nils K. Ødegaard som tok til orde for at Valdres måtte få eit offentleg museum. Bak stiftinga låg ideen om kva styrkt medvit om fortida kunne få å seie for framtida åt folk i Valdres.

  • DET FYRSTE HUSET: I 1905 kjøpte Valdres Folkemuseum Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. Det har stått på dagens plass som idag sidan 1917.
    DET FYRSTE HUSET: I 1905 kjøpte Valdres Folkemuseum Handeloftet frå garden Hande i Vestre Slidre. Det har stått på dagens plass som idag sidan 1917.
  • DET ELDSTE HUSET: Mellomalderloftet frå Uppigard Høve frå Øystre Slidre er bygd før 1350, er freda og er det eldste ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag. Det vart oppsett på museet i 1946-1947.
    DET ELDSTE HUSET: Mellomalderloftet frå Uppigard Høve frå Øystre Slidre er bygd før 1350, er freda og er det eldste ikkje-kyrkjelege trehuset i Valdres i dag. Det vart oppsett på museet i 1946-1947.
  • 1950-TALET: Rundt 1950 vart museumsområdet betydeleg utvida, og aldri har fleire hus vore flytt til museet enn på 1950-talet. Mellom anna kom åtte hus frå Kvie i Vang og husmannsplassen frå Øvre Frigstad i Vestre Slidre.
    1950-TALET: Rundt 1950 vart museumsområdet betydeleg utvida, og aldri har fleire hus vore flytt til museet enn på 1950-talet. Mellom anna kom åtte hus frå Kvie i Vang og husmannsplassen frå Øvre Frigstad i Vestre Slidre.
  • STØLEN: Museet har eit flott stølsområde på toppen av Storøya. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Her har det vore budeier på sommarjobb sidan 1960-talet.
    STØLEN: Museet har eit flott stølsområde på toppen av Storøya. Her står stølshus frå 1700-talet og Tvengestølen frå 1948. Her har det vore budeier på sommarjobb sidan 1960-talet.
  • HUNDRE HUS OG ANLEGG: Idag står det rundt hundre hus og anlegg i friluftsmuseet. Det er kommunane i Valdres som eig Valdres Folkemuseum.
    HUNDRE HUS OG ANLEGG: Idag står det rundt hundre hus og anlegg i friluftsmuseet. Det er kommunane i Valdres som eig Valdres Folkemuseum.
  • VELKOMSTBYGGET på Valdres Folkemuseum stod ferdig i 2010 og er teikna av Lund Hagem Arkitekter. Her er museumskafé, utstillingar, festsal, museumsmagasin og museumsbutikk. Bygget har òg gikk rom for større grad av heilårsaktivitet.
    VELKOMSTBYGGET på Valdres Folkemuseum stod ferdig i 2010 og er teikna av Lund Hagem Arkitekter. Her er museumskafé, utstillingar, festsal, museumsmagasin og museumsbutikk. Bygget har òg gikk rom for større grad av heilårsaktivitet.
  • PEISESTUEN: Det siste huset som er flytt til museet stod frå gamalt av utanfor gamle Fagernes hotell. Det var her museet vart stifta i 1901.
    PEISESTUEN: Det siste huset som er flytt til museet stod frå gamalt av utanfor gamle Fagernes hotell. Det var her museet vart stifta i 1901.