Hopp til hovudinnhald

Heddal stavkyrkje og Hem steinkyrkje

Dette er to nokså ulike kyrkjer. Heddal stavkyrkje er den største i sitt slag. Den ligg nær Notodden i Telemark, medan Hem er ei lita steinkyrkje i Indre Vestfold. Som kyrkjebygg har dei lite til felles, medan jernbeslaga, derimot, er av same typen og har mange likheitstrekk i detaljer og utføring.

Typen blir kalla «liljebeslag» fordi utløparane, både på lås- og ringbeslaga og gangjerna, er utforma som liljer. På begge kyrkjene er beslaga utført i tjukt, kraftig materiale samanlikna med dei andre beslaga som det er tatt prøver frå.

Beslaga i dei to kyrkjene er så og seie identiske, og dei liknar veldig beslag frå andre kyrkjer i Vestfold. Beslaga tilhøyrer heilt klart til same familie, og med eitt familiemedlem i Telemark.

Beslaga er dekorert med kantar rundt platene og ornament på utløparane. Teknisk er det fellestrekk med at drakehovuda nedst på utløparane er smidd bakvendt, det vil seie at drakane ikkje bit seg fast i beslagsplata og festar utløparane. Tvert i mot er draken mot utløparen smidd i eitt med denne.

I begge kyrkjene fekk vi jernprøver frå baksida av haldaren på dørringen. Det vart ganske så krevjande ettersom jernet var tjukt.

Alle foto: Torill Thømt

  • Smijernsdetalj frå Hem steinkyrkje
    1/4
    Hem steinkyrkje
  • Hem steinkyrkje
    2/4
    Hem steinkyrkje
  • Heddal stavkyrkje
    3/4
    Heddal stavkyrkje
  • Heddal stavkyrkje
    4/4
    Heddal stavkyrkje
Museum24:Portal - 2024.05.06
Grunnstilsett-versjon: 1