Hopp til hovedinnhold

Hedalen natur- og kultursti

  • Gamal møllebygning i Hedalen
    Stien går innom Hedalen mølle. Foto: Erik Lineikro.

Natur- og kulturstien går mellom Bautahaugen samlinger og stavkyrkja i Hedalen. Stien går i variert terreng, og har informasjonstavler undervegs. Les meir her.

Biletet viser Hedalen mølle slik ho såg ut i 1984. Reisverket er brukt opp att frå ein stor, gamal låve. Frå 1978 har Bautahaugen eigd mølla, og stiftinga har sørgt for å setja henne i stand i seinare år. Legg gjerne vandringa dit. Følg kulturstien og skiltinga. Mølla ligg ved Hedalselva 3 km lenger nord, og kulturlandskapet ved fossen er flott. 


Museum24:Portal - 2024.04.07
Grunnstilsett-versjon: 1