Hans Børli å je

Konsert med Erik Lukashaugen – på Bagn Bygdesamling

Erik_lukashaugen2.jpg (Foto/Photo)

Skogbrukshistoria står sterkt i Sør-Aurdal, og kva passar vel betre enn ein kveld på bygdesamlinga enn Erik Lukashaugen sine vakre og humørfylte tolkningar av dikta til tømmerhoggaren Hans Børli? 

Børli-albuma hans «Av en sliters memoarer» (2013) og «Vi eier skogene» (2018) har fått gode kritikkar av både publikum og anmeldarar. Han har dessutan fått både Vidar Sandbecks kulturpris «Regnbågåbrua» og nominasjon til Spellemannspris for Børli-tolkningane.

Velkomen til ein stemningsfull kveld fylt av lyriske tekstar, vakre melodiar, musikalske krumspring og lun humor! Avgrensa plass. Her anbefalar vi å kjøpe billett i god tid!

STAD: Bagn Bygdesamling, Valdresvegen 3250, Bagn
TID: Sundag 4. september 2022 kl. 18.00
BILLETTAR: Til sals HER.

Arr: Valdresmusea

Pressa om Børli-albuma

 "Børli og Lukashaugen er et vinnerteam".Aftenposten. Terningkast 5.

"De beste tolkningene av Børlis dikt noensinne." Hamar arbeiderblad. Terningkast 6.

"Et helstøpt album skreddersydd Børlis tekster". Østlendingen. Terningkast 6.