Hopp til hovudinnhald

Haldor Røyne-kveld

Helge og Haldor fortel om far og bestefar Haldor Røyne

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
10. april 2025
19.00
Helge med boka, Haldor med gitar

Haldor Røyne (1908-1979) var dosent i Landbruksøkonomi då han skreiv boka "Pengene eller livet" i 1975. Han var inspirert av FNs første klimarapport «Limits to growth» som kom i 1972. Boka handlar om økonomi basert på fellesskap og økologi, og tidligare leiar i «Fremtiden i våre hender», Erik Damman, kalte boka for sin lille bibel. For eit par år sidan vart boka gitt ut på nytt. 

No kjem Haldors son Helge Røyne til Valdres Folkemuseum for å fortelje om boka. Han har sikkert også nokre gode historier om sin samfunnsengasjerte far. Haldor Røyne, Haldors barnebarn, speler gamle feleslåtter etter bestefaren på gitar. Velkomen!

TID: Torsdag 10. april 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for vennelagsmedlemmer)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum

Fjordkafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller ein kopp kaffi med noko attåt.

Museum24:Portal - 2024.11.2 5
Grunnstilsett-versjon: 2