Velkomen til foredrag med leiar ved Norsk institutt for bunad og folkedrakt, Camilla Rossing. Vennelaget har invitert henne til å fortelje om haldningar til bunadsbruk og hovudplagg, ikkje minst i eit fleirkulturelt samfunn. Er bunaden for alle?
Kvifor er hovudplagget så symboltungt? Kvifor reagerar mange så sterkt på kombinasjonen bunad og hijab? Kan bunaden være ein inkluderande faktor i samfunnet, eller er det ein måte å ekskludere folk som er annleis på? Foredraget er basert på kapitlet som Camilla skreiv i den prisbelønte boka «Dressing with Purpose».
Ho vil også drøfte kva rolle instituttet har og bør ha i dagens samfunn – og publikum er velkomne til å stille spørsmål til slutt.
TID: Onsdag 15. mars kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum