Gunhild Bakke, måla av Otto Valstad
Gunhild Bakke kom som hushjelp for Tilla og Otto Valstad i kunstnardalen i Asker då ho var 17 år. Der vart ho verande livet ut, og vart etter kvart den første bestyraren ved Asker museum. Både ho og familien fekk nære band til kunstnarparet. Somrane tilbrakte dei saman på Raubekkstølen i Grunke i Valdres. Alle som heldt til i Grunke hjelpte kvarandre og hadde mykje kontakt seg imellom.
Velkomen til foredrag ved Siv Tove Andersson, forfattar av boka om Gunhild.
TID: Onsdag 14. oktober 2026 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (gratis for medlem av vennelaget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Kjøp billett i døra
Siv Tove Andersson:
"Gudmora mi, tanta til mor mi, kom til Valdres saman med Asker-kunstnaren Otto Valstad og kona hans, Tilla, i 1930-åra. Staden var setergrenda Grunke, først i leigd husvære, seinare på eigen støl. Dei kjøpte den gamle tømra stølen i Raubekk, på vestsida av Flyvatnet. Til å begynne med reiste dei med båt, seinare kom det køyreveg og Otto kjøpte bil. Gunhild var sjåfør. Her deltok dei i dei årlege stølssamlingane med alle budeiene og lokalfolket. Seinare arva Gunhild stølen.
Som barn var eg så heldig å få vere to sommarferiar saman med familiens tante Gunhild. Historie har alltid engasjert meg, det har gitt meg mykje lærdom og mange gode minne om livet i Valdres – særleg i Raubekk. Mye av dette har blitt bok, saman med Gunhilds yngste niese, Inger Bakke Landa. Boka vi har skrive heiter: «Gunhild Bakke. Frå Bakkekroken til Målkroken», og har eit eige kapittel om livet deira i Raubekk. Tittelen på boka viser til kvar Gunhild kom frå, og kva slags miljø ho kom inn i.
Valdres har heile livet hatt ein eigen plass i hjartet mitt. Eg har lese bøkene til Knut Hauge mange gonger. Det er veldig hyggeleg å få kome hit til Fagernes og fortelje om det hjartet mitt er fullt av."
- 1/1
Siv Tove Andersson