Hopp til hovudinnhald

Bunad og handverk

Guida vandring i utstillinga

Gruppetilbod

Valdreskulturen står i spennet mellom det nære og fjerne, og rommar både tradisjon og nyskaping. Bygdekunstnarane i eldre tid tok vare på det beste frå fortida - og førte audmjukt handverksgullet vidare. Vi blir kjent med bunadhistoria og ser på vakre skattar frå samlinga. I 2024 vart den norske bunadbruken skrive inn på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Om veret tillet det, besøker vi eit hus i friluftsmuseet. Har gruppa ønskjer om ei spesialtilpassa omvising, ta kontakt i god tid. Les meir om utstillingane her.

  • Varigheit ca. 1 time
  • Grupper på inntil 15 personar per guide
  • Pris: Kr 120 per person (minstepris kr 1000 per gruppe)

Større grupper bør tinge matserverering på førehand frå museumskafeen.

Kontaktinformasjon

Valdres Folkemuseum ligg på Fagernes, langs E16 mellom Oslo og Bergen. Adressa er Tyinvegen 27.

Kontakt oss på info@valdres.museum.no
(+47) 61 35 99 00 

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2