Hopp til hovedinnhold

Grønsakshagen før og no

Velkomen til foredrag v/Anders Nordrum om kva grønsakhagen har betydd for folk, og kva han kan koma til å bety i framtida.

TID: Torsdag 31. januar 2019 kl. 19.15
STAD: Valdres Folkemuseum 
PRIS: 100 kr (gratis for medlem av laget)
ARR: Vennelaget for Valdres Folkemuseum
Munkekroen er open fram til foredraget starter

Årsmøte i Vennelaget: kl. 18.00–19.00, rett før foredraget. Alle medlemmer er velkomne.

Om Anders Nordrum

Anders Nordrum har etter få år i Valdres vorte eit kjent namn for mange, både frå avisreportasjar og frå «Ærlighetens marked» på Fagernes, Slidre og i Amfi Valdres på Leira. Han leier arbeidet med grønsak-dyrking på Slidreøye og er oppteken av at folk skal ta i bruk dei vekstane som kan dyrkast i Valdres. Særleg har han oppmuntra til å dyrke ein spesiell type lauk som han sjølv fekk av ein munk ved eit besøk på dei russiske slettene.

Nordrum kan inspirere til å bli grønsakdyrkar, anten me eig ein hageflekk eller eit jorde, og ikkje minst gi oss gode råd. Møtet er ope for alle og kostar kr 100 for ikkje-medlemmer, men er gratis for medlemmer av Vennelaget. Vel møtt! 

Museum24:Portal - 2024.03.19
Grunnstilsett-versjon: 1