Plastmonsterdag med Grønn megafon

  • Plastmonsterskissa er tegna av Magnus Høston i 5A ved Nord-Aurdal barneskole.
    Plastmonsterskissa er tegna av Magnus Høston i 5A ved Nord-Aurdal barneskole.

Alle skulane i Valdres starta i september 2019 opp eit felles miljøprosjekt som skal vare heile skuleåret. Aleine eller saman med foreldre, føresette, vener, besteforeldre osb blir dei oppfordra til å rydde plastsøppel i naturen i kommunen dei bur. Plasten blir samla i eigne låste containarar som Valdres kommunale renovasjon (VKR) stiller til disposisjon for prosjektet. 

Kvar skule bruker den innsamla plasten som byggemateriale til plastmonstre som blir designa av ein del av elevane i samarbeid med lærarane. På den måten får vi rydda den vakre Valdres-naturen for plastsøppel, samtidig som elevene bygger dei dei kulaste, artigaste, skumlaste og raraste plastmonstra Valdres og Noreg nokon gong har sett! 

Med prosjektet håper ein å bidra til reinere natur, til å gi elevane ein konstruktiv stemme for eit reinere miljø ved å uttrykke seg på ein original og kreativ måte, å utvikle naturglede, skape eit positivt, felles prosjekt for Valdres, auke bevisstheita rundt plastforsøpling i naturen og å redusere plastforbruket. 

Avslutninga av prosjektet går føre seg i amfiet på Valdres Folkemuseum. Då blir sang og musikk, avduking av plastmonstre og mykje meir! 

Velkomen til Valdres Folkemuseum, onsdag 3. juni 2020. 

Kontaktperson: Alexander Meyer, https://gronnmegafon.no/om-oss/