Ynskjer du å gi gjenstandar til museet?
Valdresmusea forvaltar store og omfattande samlingar av gjenstandar. Likevel finst det fleire ting museet ynskjer å ta vare på for framtida, som enno ikkje finst i samlingane. Difor set vi stor pris på å bli kontakta om gjenstandar som kan vere av interesse for museet.
På grunn av plass- og ressursomsyn må vi avgrense talet på nye gjenstandar til samlingane. Museet kan årleg berre ta imot eit fåtal gjenstandar. Gjenstandar knytt til våre satsingsområde som er folkemusikk, bunad og drakt, og bygningsvern blir prioritert, i tillegg til unike gjenstandar som på ein eller annan måte er særleg relevante for Valdres si regionale historie.
Slik gir du:
For å vurdere inntak til samlingane ynskjer museet at du sender følgande på epost:
Bilete av gjenstandane: Dette treng ikkje vere eit spesielt fint eller godt bilete, men må berre vise kva gjenstanden er. Dersom det er snakk om fleire gjenstandar, treng ikkje kvar gjenstand vere fotografert enkeltvis.
Relevante opplysningar: Museet ønskjer å vite om gjenstandane er knytt til personar og stader i Valdres eller hendingar relevante for regionens historie, til dømes kven som har laga, brukt eller eigd gjenstandane og kvar dei har vore nytta. Ei kort beskriving eller opplisting av det viktigaste er tilstrekkeleg. Fleire opplysningar og detaljar kan museet hente inn ved inntak.
E-posten kan sendast til info@valdres.museum.no, eller direkte til eirin.breie@valdres.museum.no.
Å vurdere inntak av gjenstandar til museumssamlingane tek vanlegvis nokre dagar.
Vanlegvis blir bilete av gjenstanden og opplysningane sendt til fagpersonar med kjennskap til våre satsingsområde, som kan seie noko om relevansen for det spesifikke fagområdet. Vi undersøker òg om samlingane allereie kan ha like eller tilsvarande gjenstandar, og om det i så fall vil vere hensiktsmessig å ta vare på fleire eksemplar. Dette kan ta litt tid. Vi set stor pris på tålmodet ditt. Skulle det likevel ta lang tid og du ikkje høyrer noko, må du gjerne ta kontakt igjen med ei venleg påminning. Men dei aller fleste får svar innan nokre dagar.
Vi kan dessverre ikkje ta imot gjenstandar same dag utan å ha gjort ei vurdering på førehand.