Hopp til hovudinnhald

Garving

Kursinnhald

Gjennom dette prosjektet får elevane kjennskap til naturgarving – eit eldgammalt og berekraftig handverksfag. Dei får oppleve korleis avfall frå jakt og fiske kan bli forvandla til ein verdifull ressurs, og dei får sjølve ta del i den siste delen av garveprosessen. Kvar elev får sitt eige lakseskinn som dei skrapar, garvar, mjukgjer og finpussar. Undervegs får dei prøve ut enkle garveverktøy og lære kreative teknikkar for å mjukgjere skinn, både med hendene og med verktøy.

Elevane får sjå, ta på og prøve seg på dei ulike stega i prosessen, og får dermed eit konkret innblikk i kor tidkrevjande og nøysemt dette arbeidet er. Når skinnet er ferdig bearbeidd, får dei ei innføring i enkel saum – og syr sine eigne, unike armband av fiskeskinn.

Fakta om kurset

  • Instruktør: Liv Olesen
  • Stad: På Valdres Folkemuseum
  • Lengde: Heildagsopplegg over to dagar.
  • Klassetrinn: 8.-10. trinn
  • Antal: 10 elever
  • Tidspunkt: 10.-12. februar 2026 (3 dagar)
  • Liv saman med både publikum og skinn

Om kurshaldaren Liv

Liv Olesen er ein av fem faglærte naturgarvarar i Noreg. Ho vaks opp ved Canadas nest største innsjø, Great Slave Lake, 300 kilometer frå næraste tettstad, der jakt og fiske alltid har vore ein naturleg del av livet mitt. Liv brenn for handverk, berekraft og natur – og ser naturgarving som sitt bidrag til å skape eit meir berekraftig samfunn. No ønskjer ho å vidareføre denne kunnskapen, og gje barn og unge eit møte med eit fantastisk handverk som i tusenvis av år har vore avgjerande for at menneske har kunna kle seg – og overleve.

Museum24:Portal - 2025.09.08
Grunnstilsett-versjon: 2