Kristin Glück-Teigland er 44 år, tidlegare budeie og avløyser, har utdanning innen lokal matkultur, har drive fjellstove og arbeidd med mat og matkultur i ei årrekke. Dei siste fem åra har ho via til mjølkeforedling med særleg fokus på norske ystetradisjonar, seterkultur og aktuelisering av tradisjonen inn mot hippe restaurantar, fine dining og oppskriftar til heimekjøkken. For Kristin er gamalosten sjølve Kongen av både norsk ystetradisjon, men også av norsk matkultur generelt. Kvifor og korleis ho har engasjert seg i aktualiseringa av nettopp gammalosten, får du høyre meir om i dette foredraget.
Kristin er levande engasjert i matkultur, som for henne representerer både tradisjon og innovasjon. Fortid møter framtid, gamalost møter Maaemo.
Vel møtt til ein liten time med gammalosten, budeia og det magiske pulveret.
TID: Torsdag 6. juni 2024 kl 19
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140, under 26 kr 50