Hopp til hovudinnhald

Gamle storgardar i Sør-Aurdal

FULLTEIKNA: Det er diverre ikkje lenger ledige plassar til dette turen.

---

Sundag 22. september inviterer Vennelaget for Valdres Folkemuseum til tur til gamle storgardar i Begnadalen. Gardane me besøker, er Tollevsrud, Sørre Haugsrud, Nørre Haugsrud og Piltingsrud. Det blir høve til å koma inn i fleire hus. På Tollevsrud serverer Vennelaget kaffi og noko attåt inne, og på Piltingsrud får me servert rummegraut, spekemat, kaffi og dessert. Der blir det òg høve til å sjå innom gardsbutikken og til å helse på dyra.

Det blir buss frå Valdres Folkemuseum med avreise kl. 10.00. Omvisar på turen blir Arne Erik Fønhus og konservator Anne Marit Noraker, saman med eigarane på stadene me besøker. Turen kostar kr 550 for medlemmer av Vennelaget, kr 650 for ikkje-medlemmer (kr 350/450 for dei som ikkje er med bussen).

Påmelding innan 15. september til Gunnar Modén, tlf. 924 25 919, eller på e-postadresse gunnar@moden.as

Museum24:Portal - 2024.04.15
Grunnstilsett-versjon: 1