Hopp til hovudinnhald

Frank blir folkemusikkarkivar

No er det bestemt kven som overtek stafettpinnen etter Elisabeth Kværne (70) på folkemusikkarkivet på Fagernes. Med tredve års arkiverfaring og like mange år som spelemann og utøvar på toppnivå, er Frank Rolland frå Hardanger og Øystre Slidre både kvalifisert og kjent med dei oppgåvene han no går til. 

Folkemusikkarkivet i Valdres er det eldste regionalarkivet for folkemusikk i Noreg. Her finst tusenvis av opptak med spelemenn, songarar, dansarar og forteljarar, frå 1940-talet og fram til i dag. Arkivet på Fagernes er kulturarv i seg sjølv, og alle opptaka viser korleis musikklivet og musikktradisjonane har endra seg over tid. Arkivet er dessutan mykje brukt av studentar, forskarar, elevar i kulturskulen og andre med interesse for musikk og kultur. 

Sidan 2004 er det Elisabeth Kværne frå Aurdal som har styrd arkivet. I tillegg til drifta av arkivet har ho vore utøvande musikar på høgt nivå. I 1985 mottok ho Spellemannsprisen for plata "På langeleik". Kværne har òg vore ein viktig musikk- og kulturpolitisk medspelar med viktige bidrag til nasjonale høyringar, arbeidet med UNESCOs konvensjon for immateriell kulturarv, situasjonen for det norske instrumenthandverket og mykje meir.

Vi takkar heile Noregs Elisabeth Kværne for den store innsatsen, og ynskjer Frank Rolland velkomen til Valdresmusea.

Valdresmusea, 12. oktober 2023

Museum24:Portal - 2025.01.07
Grunnstilsett-versjon: 2