Eva Kylland
Mange av oss som er glade i gamle hus, og som er opptekne av å ta vare på mykje av det me har rundt oss, føler at me alltid har kjent, eller høyrt om, «Sprossa», eller Else Rønnevig som ho eigentleg heiter.
Tilnamnet «Sprossa» var ikkje tenkt som ein heider til Else, den gong ho tidleg på 1970-talet reiste rundt i nærmiljøet i Lillesand, alltid med lastestativ på taket av bilen, og gjerne henger bak, for å finna og ta vare på glas og dørar, listverk og panel, slikt dei fleste andre ikkje såg verdi i. Heller var det meint for å henge henne ut, og det var eit ledd i til tider storstilt mobbing av engasjementet hennar. På denne tida var det å ta vare på og bruka opp att bygningsdelar meir framand enn det er i dag.
Mobbinga av Else var sterk og vedvarande, så lenge som ei tiårsperiode til ho på 80-talet vart meir anerkjent. Mobbing bryt ned, men det kan også bidra til det motsette; for Else gjorde det henne sterk og uredd.
Me i Valdres kjenner henne frå ei tid då ho satte i stand hytte og støl i Vestre Slidre, før ho måtte ha nye utfordringar og vende seg mot Hedmarken. Men Valdres ligg hjarta hennar nær, og no vil ho atter ein gong besøke Valdres Folkemuseum med nytt foredrag, med tittelen «Fra mobbing til Heritage Champions».
I denne tittelen ligg alt, frå latterleggjering i tidlege år, til det å bli anerkjent for sitt arbeid, til heider gjennom eit utal prisar, som Riksantikvarens kulturminnepris (2015), Aust-Agder sin fylkeskulturpris (2015), til ho hausten 2024 mottok prisen Europa Nostra Awards!
TID: Tysdag 15. september 2026 kl.19.00
STAD: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
PRIS: 140 (kr 50 for dei under 26 år)
ARR.: Valdresmusea
Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.