Har du gamle foto eller arkivmateriale frå Hedalen som du tenkjer det hadde vært fint at museet fekk inn i si samling? Bautahaugen samlinger og Valdresmusea inviterer til foto- og arkivkveld!
Bautahaugen samlinger og Valdresmusea ønsker foto frå tidafør 1950. Med fotografia ønsker vi gjerne at det er skrevet ned på førehand flest mogleg opplysningar og årstal, om kva, kor og kven som er avbilda. Museet ønsker å låne fotografiafor skanning og publisering på nettstaden Digitalt museum.
Vi ønsker også avlevering av arkivmateriale frå Hedalen. Bautahaugen samlinger er eit av fleire museum som inngår i arkivnettverket Innlandsarkiva (tidlegare Opplandsarkivet). Innlandsarkiva bidreg til sikker oppbevaring av arkivmateriale frå privatpersonar, foreiningar, lag, bedrifter m.m. ved museum i Innlandet. Har du arkivmateriale som bør ligge trygt, kan dette etter avtale leverast til eit av musea i nettverket Innlandsarkivet, deriblant Bautahaugen samlinger, Bagn Bygdesamling eller Valdres Folkemuseum. Arkivmateriale kan for eksempel være protokollar og møtebøker, brevsamlingar, diverse skrivne tekstar som dikt, beretningar og songar, og mye annet. Også lyd- og videoopptak avfolkemusikk gjort av privatpersonar som ikkje er kommersielt utgitt er spesielt interessant, for bevaring ved Valdres Folkemusikkarkiv. Arkivet tar ikkje imot bøker og andre trykte publikasjonar som er utgitt i større opplag. Arkivmateriale vil etter innlevering være tilgjengeleg på museet etter avtale, og kan lånast ut til den/dei som har avlevert arkivmaterialet til museet. Arkivmateriale som inneheld sensitiv informasjon blir klausulert.
Har du arkivmateriale som kan leverast? Ta gjerne en telefon til Eirin vi Valdresmusea i forkant av kvelden, tlf: 61 35 99 00.
Har du foto som kan leverast? Ta gjerne en telefon til Kristine vi Valdresmusea i forkant av kvelden, tlf: 61 35 99 00.
Avlevering av store mengder må avtales på forhånd.
TID: 18. januar 2024, kl 17-19.
STED: Kroken, Brunbakklivegen 1. Hedalen.