Foto frå Sør-Aurdal

BV_83-227.tif

Fotoarkivar Bettina Walser Garmann presenterer foto frå Sør-Aurdal. Fotoarkiva til Bagn Bygdesamling og Valdres Folkemuseum inneheld eit mangfaldig utval av lokale bilete, av menneske og landskap, kvardag og fest. Bettina vil òg gje gode tips til korleis ein best mogleg kan nytte søkeverktøyet på DigitaltMuseum.no. Velkomen!

Fotoet over viser Olav Langedrag, Ola Lundene og Kristoffer Lundene på storfugljakt tidleg på 1900-talet. Ukjent fotograf. BV 83-227.

TID: Onsdag 25. november 2020 kl. 19.00
STAD: Bagn Bygdesamling 
PRIS: 100 kr (gratis for dei med årskort til Valdresmusea)
ARR: Valdresmusea