Hopp til hovudinnhald

Forteljarkveld: Språk og identitet i Valdres?

Korleis kan vi saman samle forteljingar om språk og levd liv?

Korleis kan vi saman samle forteljingar om språk og levd liv?

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
19. feb. 2026
18.00
  • generasjonsmøte mellom gamal kvinne og ung felespeler
    Anne-Marte Før

Memoar og Nynorsk kultursentrum har i vinter samla inn munnlege minne om språk, identitet og språkhistorie i Valdres. Målet er å ta vare på personlege forteljingar om språkbruk, haldningar til språk og språkendringar gjennom livet – frå barndom til vaksen alder.

Valdres er eit spennande område med mange språkdebattar – både om valdresdialekta og om nynorsk eller bokmål som opplæringsspråk. Mange har eigne erfaringar med språk som ein viktig del av livshistoria si. Desse forteljingane ønskjer vi å dokumentere og bevare for framtida.

TID: Torsdag 19. februar 2026 kl. 18
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
GRATIS!
ARR: Memoar, Nynorsk kultursentrum og Valdres mållag