-
Jørn N. Ranum
Folkedialog er ein samtaleform der målet er å skape ein trygg arena for alle deltakarar, uansett bakgrunn eller status dei elles måtte ha i samfunnet. Respekt, aktiv lytting og felles eigarskap til samtalen er nøkkelomgrep. Målet med folkedialog er ikkje å finne ei løysing, men heller å fremje forståing for ulike synspunkt ved å lytte aktivt og delta med eit ope sinn.
Her er det rom for alle som ønskjer det, til å snakke fritt om kva dei har på hjartet. Dialogen startar med eit spørsmål om eit tema deltakarane er opptekne av, og der fasilitatoren kan stille oppfølgingsspørsmål. Dialogen blir leia av nokon som har fått opplæring i denne tilnærminga. Deltakarane kan òg stille spørsmål til kvarandre.
For mange av oss er dette ein ganske uvant måte å kommunisere på. Vi er vane med å bli avbrotne, få direkte kommentarar på det vi seier, og å ikkje bli ordentleg lytta til. Folkedialog, derimot, gir plass til alle stemmer, slik at alle deltakarar vil kjenne seg høyrde. På denne måten kan ein styrkje lokalsamfunnet på grasrotnivå og motverke aukande polarisering og konflikt.
Valdresmusea har samarbeid med Nansen fredsskule, og dialogformen vil blir nytta framover både i prosjektet Ung i dialogen og i andre samanhengar.