Hopp til hovudinnhald

Flukta frå det norske Holocaust

Foredragskveld på Valdres Folkemuseum

Gjennom to familiehistorier fortel Sidsel Levin og Birgit Rimstad om aksjonane mot jødane i det nazi-okkuperte Norge hausten 1942, då norsk politi arresterte kvinner og menn, barn, gamle og sjuke, og deporterte nærmare 800 jødar til Auschwitz der dei fleste vart drepne. 102 av dei var under 19 år. Slik var det norske Holocaust. No kjem dei til Valdres Folkemuseum for å halde foredrag. Alle er velkomen.

TID: Sundag 10. september 2023 kl. 18.00
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 100
ARR: Valdresmusea

Då Tyskland okkuperte Noreg i 1940 budde det cirka 2200 jødar i landet. Gjennom krigsåra iverksette nazistane ei rekke aksjonar og tiltak overfor denne gruppa: tidleg påbod om innlevering av radio, tap av arbeid, konfiskering av eigedom, måling av antisemittiske slagord på butikkvindauga, arrestasjonar, trakassering og mishandling. Registrering og identifisering. Skyting og deportasjon til norske fangeleirar.  

Nokre jødar vart redda gjennom farleg flukt langs vegane og gjennom skogane – til friheit i Sverige. Vel vitande om at det var dødsstraff å hjelpe jødane på flukt, var det mange som både skjulte flyktningane og losa dei over grensa. 

I foredraget «Flukta frå det norske Holocaust» fortel Levin og Rimstad om flukthistoriene til to jødiske familiar. Dei gir òg innblikk i kvardagane til familiane i Noreg før krigen, om tida i Sverige og om konsekvensane for dei overlevande i etterkrigsåra.

Etter Holocaust håpa og trudde ein at antisemittismen var over for godt. I dag ser vi at hatet mot jødane veks fram på nytt. Farlege ideologiar, fordommar, mytar og konspirasjonsteoriar er rundt oss framleis.  

Sidsel Levin, tidligere direktør ved Jødisk Museum i Oslo, er norsk jøde i fjerde generasjon og født som flyktningborn i Sverige under 2. verdskrigen. Birgit H. Rimstad, historikar og forfattar av boken «Unge tidsvitner: Jødiske barn og unge på flukt fra det norske Holocaust.»

Levin og Rimstad er i haust på sin andre skuleturné i regi av Den kulturelle skulesekken i Innlandet. Dei har dei siste årene halde over 150 forestillingar for elevar i vidaregåande skule i fleire fylke i landet. 

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2