Kursinnhald
På dette kurset skal me legga høvla takflis på Brakadokka som er ei stogo der det også har vore krambu. Brakadokka er ein viktig del av Bautahaugen Samlinger og er ein av to bygningar som ikkje er flytta hit.
Det blir høvling av flis med hestehøvel siste dagen, dette som eit ope arrangement.
Bautahaugen Samlinger er ein del av Valdresmusea og ligg i Hedalen i Sør-Aurdal.
Fakta
TID: 7. - 9. mai 2026
STAD: Bautahaugen Samlinger, Hedalen
INSTRUKTØR: Handverkar Sindre Nygård med fleire
PRIS: Kr 3300 (standard)
Kr 3100 for medlemmer av Verne-Vøla
Kr 3100 for dei med årskort til Valdresmusea
Kr 1600 for dei under 26 år
PÅMELDINGSFRIST: 25. april
MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå.
ARRANGØR: Valdresmusea
Med atterhald om endringar.
Spørsmål
- 1/1
Brakadokka på Bautahaugen skal få flistak, slik stova ein gong skal ha hatt.