Høvle og legge flistak

Kurs over 30 timar, Hedalen

FC_Flishvling270314.JPG (Foto/Photo)

KURSINNHALD

På dette kurset skal vi høvle og legge flis (spon) på eit tak. Det blir flishøvling med hest og tekking på tak med flisa. Det blir også ein studietur på kveldstid til Grønvold sag i Torpa for å sjå på flishøvelen der, og korleis den fungerar i praksis. Bygg og bevar har publisert ein artikkel om teknikken her.

FAKTA

INSTRUKTØRAR: Handverkarane Sindre Nygård og Ole Tian Jarlvang

TID: 28. til 30. april 2022 (30 timar) (inkluderer ein kveldstur til Torpa)

STAD: Bautahaugen Samlinger, Hedalen

PRIS: Kr 2.900 (rabattpris kr 2.700 for medlemmer av Fortidsminneforeningen og dei med årskort til Valdresmusea)

MÅLGRUPPE: Huseigarar, handverkarar og andre interesserte. Kurset passar for alle som er interessert i tradisjonshandverk, uansett fagleg nivå

PÅMELDINGSFRIST: 12. april

Med atterhald om endringar.

SPØRSMÅL OG PÅMELDING

til Odd Arne Rudi, bygningsvernrådgjevar
Epost: odd.arne.rudi@valdres.museum.no
Tlf: 61 35 99 07 / 976 89 065
Valdres Folkemuseum, Tyinvegen 27, 2900 Fagernes

NB: All påmelding må gå direkte til Odd Arne. Det er ikkje nok å trykke "kjem" på Facebook

BETALING til konto nr 2070 05 01524, merk med tittel på kurset.
Rabattprisen gjeld dei som har årskort ved museet eller er medlem av Fortidsminneforeninga

    Tilsvarande kurs vart sist arrangert i 2014

    Sist Valdresmusea arrangerte eit tilsvarande kurs var i 2014. Då hadde me leigd inn erfarne instruktørar og tradisjonsberarar innan handsaging, kløyving av tømmer med øks til ferdige materialar, og ein til tekking med flis. Flisa vart produsert fortløpande på staden av eit samkjørt hestespann som drog ein stor flishøvel. Det var 4 ivrige hestekarar som velvillig stilte opp. Det er viktig at også hestane får utføra eit godt stykke arbeid, dei trivst betre då!

    Det var stor interesse også frå andre; dette er ein sjeldan hending som fleire ville få med seg. I løpet av dei to dagane dette gjekk føre seg var det mange innom for å sjå og for å få med seg den gode stemninga i vårsola.

    Tømmer til slike materialar, og takflis er gjerne av ein kvalitet som skogeigaren vanlegvis får dårleg betalt for, men som bygningsvernet ofte etterspør. Det kan med god kunnskap både hjå skogeigar, handverkar og huseigar gjera at i utgangspunktet dårleg skog får ein verdi.

    Eit flistak som er lagt på ein god måte, og som får eit naturleg vedlikehald, har ei haldbarheit på opp mot 30 år, like lenge som garantien seier eit papptak held.

    Bilete frå kurset i 2014

    •  (Foto/Photo)
      1/4
    •  (Foto/Photo)
      2/4
    •  (Foto/Photo)
      3/4
    •  (Foto/Photo)
      4/4
    BHS-021_krambu_skolestue_Brakardokka_DL_2019_6.JPG (Foto/Photo)

    Brakadokka på Bautahaugen

    Huset som på nytt skal få flistak ligg på Bautahaugen Samlinger i Hedalen. Det står på same stad som det vart bygd. Det gamle småbruket Brakadokka har vore integrert i museumssamlinga sidan 1980-talet. Huset er innreidd med både krambu og skulestove.

    Her vart den fyrste moderne krambua i Hedalen starta i 1870, og kjøpmannen Erik Jørgensen Bergsrud (1848–1915) overtok på 1880-talet. Etter kvart bygde han også på huset. I dei to nye romma budde familien, medan det største rommet i huset var krambu. Ei viktig handelsvare var viltskinn. I februar kunne det henge nesten tjue mårskinn og like mange reveskinn på krambuveggen til Erik. Erik Bergsrud stod i spissen for opprettinga av Bautahaugen. Før det vart landhandlarar i bygda midt på 1800-talet, brukte hedalsbøndene slå seg saman og dra til Branes (Drammen) for å handle. Der selde dei skinn, smør og ost – og kjøpte med seg salt, korn og anna dei trong. Dei lange køyrestøvlane etter Erik er stilt ut i Brakadokka.