Fenrisulvens barn sluker solen og månen ved opptakten til Ragnarok – The Wolves Pursuing Sol and Mani, 1909 John Charles Dollman
Velkomen til ei reise gjennom mytane sin Fimbulvinter, den arkeologiske faghistoria, Romarrikets samanbrot, politiske og kulturelle omveltingar i Skandinavia, pest og ei av dei verste kuldeperiodane som er dokumenterte dei siste to tusen åra.
Dette blir òg ei solid økt med myteknekkjing og litt opprydding i kva kjeldematerialet faktisk kan fortelje oss. For kva veit vi eigentleg om klimaendringane på 500-talet? Førte dei verkeleg til ein samfunnskollaps i Skandinavia? Og har mytane rot i verkelege hendingar? Dette er nokre av spørsmåla arkeolog og klimahistorikar Ingar M. Gundersen vil gå i djupna på i dette føredraget.
TID: Torsdag 19. mars 2026 kl. 19
STAD: Festsalen, Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (kr 50 for dei under 26 år)
ARR: Valdresmusea
Om Ingar M. Gundersen
Ingar M. Gundersen er arkeolog og klimahistorikar og er tilsett som forskar ved Valdresmusea. Han har eit pågåande bokprosjekt om Fimbulvinteren og vil i foredraget leggje vekt på den arkeologiske og klimahistoriske forskingsstatusen.