Hopp til hovudinnhald

Fedrift

Fedrift

Valdres Folkemuseum
Tyinvegen
18. sep. 2025
19.00

I fleire hundreår var det vanleg med fedrift, mellom anna i Langsua. Fedriftane starta oftast vest eller nord for Langsua, med dyr frå Vestlandet og dei øvre dalføra. Så beita storfeet i fjellet heile sommaren, til fekarane samla ddyra inn og gjorde klart for ferda sørover. Målet var haustmarknadene i hovudstaden og andre byar rundt Oslofjorden. Det finst framleis spor etter mange gamle felægre og fjellbuer.

Ole Kristian Ødegård i Heidal har gått til skriftelege kjelder og funne fram til dei gamle rutene i fjellet. Nok kjem han til Valdres for å fortelja om oppkjøpet av dyra, beitehaldet i fjellet og dei lange vandringane med dyr frå Leirungsdalen/Valdresflye via Randsfjorden til Kristiania og ventande oppkjøparar. Korleis var ferdene fram og tilbake, kva opplevde fekarane i hovudstaden og kven møtte dei?

TID: 18. september 2025 kl. 19.00
STAD: Valdres Folkemuseum
PRIS: Kr 140 (under 26 år kr 50)

Kafeen er open i forkant av foredraget, kjøp gjerne middag eller kaffi og noko attåt.

Om foredragshaldaren

Ole Kristian Ødegård bur i Heidal og er pensjonert offiser, forfatter og skimakar. I 2018 ut med boka «Han sa han kom fra fjellet», ei samling små og store forteljingar om Jo Gjende.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2