Kven er vi?
- Valdresmusea vart kåra til Årets museum i Noreg i 2022
- Valdresmusea er fyrtårn for reiselivet i Valdres med rundt 60 000 besøkande kvart år
- 25 heilsårsstillingar og 28 sommartilsette
- Valdresmusea er ein kunnskapsbase - med arkiv, bøker, foto, film, lyd-opptak, gjenstandar, matkunnskap, gamle hus i ulike miljø og kulturlandskap
- Museets kraft ligg i usemja; vi skal tale, ikkje teie, vi skal våge, ikkje vakle, vi skal søkje sanning, ikkje flyte på skorpa
- Valdresmusea er det konsoliderte museet for Valdres og består av:
Visjon
Valdresmusea skal bli det fremste museet i landet i arbeidet med levande tradisjonskultur. Vi skal bygge, forvalte og formidle historisk kunnskap og skape opplevingar med relevans for menneske i notid og framtid. Les meir her.
Immateriell kultur
Det er den immaterielle kulturen som står i sentrum ved formidlinga ved Valdres Folkemuseum. Sommarstid er det dette den besøkande møter: spelemenn og dansarar, handverkarar, forteljarar, songarar og bunadtilverkarar, felemakarar – og makarar av alle andre slag – gjer museet til ein levande møteplass der demonstrasjon, kurs og opplæring står i sentrum.
I dei faste utstillingane møter vår eigen kultur motstand. I utstillinga «Fargerike fellesskap – kvitt raseri» stiller museet kritiske spørsmål til alt dette kjente og tradisjonelle – og som ikkje alltid har verka inkluderande. Ikkje for alle. I skuggen av den folkelege norske nasjonalismen har det også verka understraumar av mørkare og meir ekskluderande nasjonalisme. Dette – og meir til er tematikkar som har oppteke museet mykje dei siste åra.
Sommar på musea
VALDRES FOLKEMUSEUM
Utstillingar, filmar, omvisingar, friluftsmuseum med dyr på beite og 70 antikvariske hus
Omvising kl. 12 og 14
Folkemusikk & dans: kvar heile time kl. 11-16
Skakke folkedrakter - Nasjonalmuseets vandreutstilling 18.6-17.9.
I tillegg er stølen, Kvie, Hafton og Nystøga ofte opne, men ikkje alle stader samtidig
Museumskafé og museumsbutikk
BAGN BYGDESAMLING:
Gamle hus, permanente utstillingar, ope fem dagar i veka om sommaren.
Onsdag-sundag 1. juli - 13. august kl. 11.00-16.00
BAUTAHAUGEN SAMLINGER:
Gamle hus, sommarutstilling, omvising, servering, ope fem dagar i veka om sommaren.
Torsdag-måndag 24. juni - 6. august kl. 12-16
GARDBERGFELTET:
Eit 2 kvadratkilometer stort område i Vestre Slidre med Bronsealdergravrøyser, skålgropstein og Eingangsteinen.
Ubetjent, formidling gjennom plansjar. Gratis.
Arven etter Andris Eivindson Vang
I åra etter Andris Vang har det vore ei lang rekke av menneske som har utøva, formidla og dokumentert lokal tradisjonskultur. Men dette er ikkje noko som har kome av seg sjølv. Ikkje alle kulturar i verda har opplevd dette. Mange regime i verda har i staden øydelagt kulturarven (t.d. Kina, Syria), og mange kulturar er aldri blitt dokumentert.
Vi som er tilsett ved Valdresmusea står på skuldrane til Andris Vang og ei lang rekke andre menneske som har komme etter han. Vi kjenner kjærleik til kulturarven og er opptekne av å dele kunnskapen med både tilreisande og folket i bygda. Vi vil bidra til refleksjon, og til å gje folk kunnskap til å ta kloke og ansvarlege val både i eigne liv – og for dei som kjem etter oss.