Hopp til hovudinnhald

Fagerneskveld

Fotokveld på Slidrehuset, Valdres Folkemuseum

Velkomen til Fagerneskveld der «Gamle Fagernes» står på programmet! Vennelaget for Valdres Folkemuseum er arrangør.

STAD: Slidrehuset, Valdres Folkemuseum
TID: Torsdag 11. november kl. 19
PRIS: Kr 100 (gratis for vennelagsmedlemmer)
Museumskafeen er open før foredraget

Kjell Ivar Fossnes, Per Herman Isachsen og Kai Svensson veit meir enn dei fleste om Fagernes frå midt i førre hundreåret. Fossnes og Isachsen har hatt stor suksess med byvandringar gjennom Fagernes, der dei har stansa ved gamle hus og fortalt historier frå sine unge år. Kai Svensson skreiv boka «Fagernes – en minnebok II», som var ein oppfølgjar av Ingolf Iversens minnebok om Fagernes frå 1982. Kai sit på ei stor samling av gamle bilde frå Fagernes. Eit utval av desse vil bli synt fram, og vi tenkjer oss at praten mellom dei tre vil bli meir uformell enn eit foredrag, der spørsmål og andre innspel frå folk i salen òg kan vera viktige bidrag.

Museum24:Portal - 2025.01.29
Grunnstilsett-versjon: 2